Gardane

Lekve - Syse - Hakastad

Bestill sidersmaking

Du kan bestilla gardsomvisning og sidersmaking på alle gardane langs siderruta. Bestill di sideroppleving ved kvar enkelt gard her!

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Hardanger Saft og Siderfabrikk er ein familiedriven fruktgard med storproduksjon av eplejuice og -most, eit rikt utval av tradisjonell spontangjæra sider og eige brenneri der dei edle dråpane lagrast på eikefat.

Gardsbutikken er open heile året!

Syse gard

Velkomne til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. I vårt gardsutsal tilbyr me foredla frukt i mange fasongar, frå syltetøy til saft og sider. Du finn og tradisjonelt foredla lammekjøt som fenalår og spekjepølse.

Ulvik Frukt & Cideri

Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar, derav mange gamle. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik. Har gardsutsal med sal av sider,eplemost og eplesidereddik. Eple i sesong.

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Omvising etter avtale med den einskilde gard (min 10 pers). Tid: ca 1 time.

Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.

Lik oss på Facebook: Frukt og siderruta

Omvisning på gardane

Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar. Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.