Frukt- og siderruta
Sidersleppet
Fruktsleppet
Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar, derav mange gamle. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik. Har gardsutsal med sal av sider,eplemost og eplesidereddik. Eple i sesong.
SyseVelkomne til Syse Gard for ei rik mat- og sideroppleving. Inst i hardangerfjorden, i Ulvik, finn du oss midt i frukt- og siderruta.
LekveFruktgarden på Lekve driv produksjon av eplemost, sider og brennevin. Førehandstinging av lunsj og middag i gardsrestauranten for større grupper. Sal av sider og eplemost i gardsbutikken.
Den einaste Frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik, Hardanger. Tre
gardar - som sammen gir mange ulike opplevingar. Du kan vandre frå sentrum og fjorden, gjennom frukthagar og opp til gardane. Alle gardane tilbyr siderplanke i opningstida, og har faste tider for smaking med omvising sommarsesongen.
For større grupper, - ta kontakt direkte med den aktuelle garden!
Siderslepp 2024
Dei tre gardene langs Frukt- og Siderruta ynskjer i tradisjon tru velkomne til vakre Ulvik! Det er vår, det er bløming og årets sider er tappa og klar. Opplev Frukt-…
Les meirSidersmaking i sommar
Kvar måndag til laurdag i sesong har me faste tider for smaking og omvising Du kan starta turen på eigenhand frå turistinformasjonen/ sentrum av Ulvik der du vandrar langs fjorden…
Les meirSiderplanke- smaken av Ulvik!
Alle dei tre gardange på Frukt og Siderruta serverer siderplanke i opningstida. Her kan du smake deg gjennom eit rikt utval av eplemost og juice, sider og brennevin (på Lekve),…
Les meirOmvisning på gardane
Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar. Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.