Bygdeutviklingsprisen for Hordaland 2017 er i kveld tildelt Frukt- og siderruta i Ulvik.

Prisen vart delt ut på Hardangerkonferansen 2017 i Kvam, av Innovasjon Norge v/Ole-Andreas Smette.

Prisen delast ut i kvart fylke og fylkesvinnarane konkurrerer om ein nasjonal pris.

Kriterier for prisen:
Skal drive lønsamt, bærekraftig og nyskapande.

Grunngjeving for tildelinga:
Dei tre bøndene i samarbeidsprosjektet driv eit unikt samarbeid om eit nyskapande mat- og reiselivskonsept og dei bidreg til mange arbeidsplassar, både direkte og indirekte.