Gardane

Lekve - Syse - Hakastad

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Fruktgarden på Lekve driv produksjon av eplemost, sider og brennevin. Førehandstinging av lunsj og middag i gardsrestauranten for større grupper. Sal av sider og eplemost i gardsbutikken.

Lekve gard v/ Nils J. Lekve

Syse gard

Syse Gard, eit vestlandsbruk som dyrkar frukt og held 70 vinterfora sau. Syse Gard er eit Economuseum på frukt og fruktforedling og har gardsutsal med vidareforedla frukt, lammekjøt, eplemost og sider.

v/Gro Tveit Uglenes og Hans Uglenes

Ulvik Frukt & Cideri

Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar og moreller. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik.

Hakastad v/Torbjørg Austrud og Asbjørn Børsheim

Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Omvising etter avtale med den einskilde gard (min 10 pers). Tid: ca 1 time.

Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.

Lik oss på Facebook: Frukt og siderruta

Omvisning på gardane

Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar. Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.