Den einaste frukt- og siderruta i Noreg finn du i Ulvik i Hardanger. Tre
gardar – mange ulike opplevingar frå gard til gard. Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Fruktgarden på Lekve driv produksjon av eplemost, sider og brennevin. Førehandstinging av lunsj og middag i gardsrestauranten for større grupper. Sal av sider og eplemost i gardsbutikken.

Lekve gard v/ Nils J. Lekve

Syse gard

Syse Gard, eit vestlandsbruk som dyrkar frukt og held 70 vinterfora sau. Syse Gard er eit Economuseum på frukt og fruktforedling og har gardsutsal med vidareforedla frukt, lammekjøt, eplemost og sider.

v/Gro Tveit Uglenes og Hans Uglenes

Ulvik Frukt & Cideri

Familiegard som dyrkar over 20 eplesortar og moreller. Driv med vidareforedling av eple til mange ulike typar eplemostar, sider og eplesidereddik.

Hakastad v/Torbjørg Austrud og Asbjørn Børsheim

Hugs Sidersleppet 19.mai 2018

22. mars 2018

Sal av billettar på gardane frå kl 1300 . Siderslepp frå 1330 – 1830 – sjå program: Sidersleppet-2018

Årets Gullhane 2018

22. mars 2018

Frukt- og siderruta i Ulvik vart heidra som vinnaren av Årets Gullhane under Hanen sitt landsmøte fredag 16. mars.

Bygdeutviklingsprisen Hordaland 2017

15. november 2017

Bygdeutviklingsprisen for Hordaland 2017 er i kveld tildelt Frukt- og siderruta i Ulvik.

Omvisning på gardane

Alle gardane tek imot grupper etter avtale for omvisningar og smaksprøvar, men legg vekt på å gje ulike opplevingar. Gardane har salsløyve for sider og gardsutsal.